NM 2016

Det største NM innan handbaken? Ei (lang) oppsummering om NM på heimebane 2016.

Norgesmesterskapet 2016

2016: 25-års jubileum for klubben. 

2014. Ottar, Tom Erik og Markus (styret i Jølster Handbakklubb) på vei til Nordic Open i oktober 2014. I bilen vart det første styremøte holdt for planlegginga av handbak NM 2016 på heimebane. Planane her var heilt grove. Vi noterte stikkord for det vi ville skulle bli det største Norgesmeisterskapet innan handbak-Norge. Vi ville ha fokus på historia vår gjennom 25 år, rekruttere og trene opp flest mogleg eigne brytarar for å kunne nå til topps som klubb og ville legge godt tilrette for alle brytarar og besøkjande.

Etter x antal styremøter og diskusjonar kom vi fram til følgjande:

  • Vi skulle ha alt rundt arrangementet på ein plass i eiga bygd.
  • Vi ville skilje oss ut med ny klubbskjorter.
  • Vi ville ha ein profesjonell hovuddommar.
  • Vi ville ha eigen speaker til utøvarar og publikum.
  • Vi ville prøve å kjøre tilsvarande system var brukt under EM/VM.
  • Vi ville tilby det lille ekstra.
    • Gratis frukt og andre forsyningar.
    • Diverse standar.

For å kunne møte desse krava valde vi Thon Hotel Jølster (heretter omtalt som Skei Hotell) sidan vi då kunne samle alt rundt arrangementet på ein plass i vår eiga bygd. Dette skulle gjere det enklare for utøvarane å kunne fokusere fullt og heilt på seg sjølv.

Klubbskjortene var ein lang prosess. Vi skulle skilje oss ut og ha noko ingen annan klubb har hatt tidlegare. Dei skulle vere av høg kvalitet. Vi visste vi måtte inn med sponsorar for å dekke dette.

Lenger nede går vi inn i gjennomføringa av dagen.

 

 

Dato: 22-24. april 2016
Stad: Thon Hotel Jølster (Skei i Jølster)
Arrangør: Jølster Handbakklubb i samarbeid med Norges Brytarforbund
Deltakarar: 72 stk.
Klubbar: 13 stk.

 

Jølster Handbakklubb vart årets beste klubb samanlagt!

Det var eit vellukka og svært godt gjennomført arrangement i Jølstersalen ved Thon Hotel Jølster.

 

Lokalet: 
Jølstersalen ved Skei Hotell vart delt i fire delar: scene/sekretariat, utøvarområde (oppvarming o.l.), publikum (tribune) og vrimleområde (div standar, servering og sitteplassar m.m.). Dette fungerte svært godt og gjorde til at både publikum og utøvarar hadde god oversikt over lokalet. Vi hadde også allèen tilgjengelig der vi hadde historia vår gjennom dei 25 åra på utstilling. Det vart arrangert bankett i matsalen og med allèen tilgjengelig som sosialt område utover kvelden.

Teknisk:
For å kunne utføre eit system som brukt på EM/VM leigde vi utstyr frå Skien HK. For første gang under eit NM vart det her teke i bruk same kortsystem frå EM/VM. Det fungerte ved at alle utøvarar hadde eit kort med bilete, strekkode og informasjon som registrerte seier ved kampar. Dette kortsystemet var også knytt opp mot kampoppsett på storskjerm med (store) skjermar på kvar side av scena for utøvarar. På skjermane såg utøvarane når dei skulle til bordet.
Stemnet vart også livestreama ved bruk av Bryteforbundet sitt utstyr. Vi hadde også Medielinja frå Hafstad VGS som filma og redigerte video frå heile stemnet.

Dommarar og sekretariat m.m.:

Hovuddommar var David Shead. Shead (frå England) er kjent som ein av verdas mest erfarne dommarar og dømmer til vanleg alle dei store konkurransane internasjonalt. Andre dommarar var Tom Erik Berg (frå eigen klubb), Knut Sandbakken, Frode Veim Haugland.

I sekretariatet var David Eilert Eilertsen. Hans hovudoppgåve var speakerteneste, men hadde også ansvar for at det tekniske systemet fungerte.

På førehand av stemnet hadde forbundet oppfordra Antidoping Norge til å ta turen. Dei stilte med to representantar og kontrollerte fem tilfeldige utøvarar. Vi er glad at dei tok turen for å kunne bevise og halde idretten rein.

 

Media: 

Medie viste stor interesse for NM 2016 med både NRK Sogn & Fjordane radio og nettsideoppslag, samt Firda Tidend og Firda hadde oppslag i avis og på nettside.

I forkant av stemnet:
Firda Tidend (20.04.2016)

I etterkant av stemnet: 
Firda Nett (24.04.2016)
NRK Nett (23.04.2016)

Firda Tidend lokalavis:
Mandag 25. april (oppslag m/resultat av stemnet)

Firda lokalavis:
Mandag 25. april (oppslag m/resultat av stemnet)

 

Vi takkar våre sponsorar for god støtte til både skjorter og årets NM.

25 år på rad har vår klubbleiar, Ottar Berg, delteke i NM. I desse åra har han teke utallige medaljar og holdt framdrifta innan klubben. Ei slik bragd er det ikkje mange som kan vise til. Norges Bryteforbund har ein statuett dei delar ut til personar innan sporten som kan skilte med blant anna 25 år samanhengande deltakelse, sportsleg ånd og for å ha fremja eigen klubb. Ottar er den første innan handbaken som har blitt tildelt denne prisen.

 

Her kjem resultat frå klubben:

Ottar Berg:
Gull, Master -95 kg, Høgre hand
Sølv, Master -95 kg, Venstre hand

Ronny Hansen:
Gull, Junior +80 kg, Høgre hand
4. plass, Junior +80 kg, Venstre hand

Jørn Kjelsnes Frivik:
Gull, Handicap Open klasse, Venstre hand
4. plass, Senior -75 kg, Venstre hand

Jan-Erik Sunde:
2x Sølv, Senior -65 kg
4. plass, Master -95 kg, Venstre hand

Arthur Haltvik:
Sølv, Handicap Open klasse, Venstre hand
13. plass, Senior -75 kg, Høgre hand
15. plass, Senior -75 kg, Venstre hand

Wanja Halsør:
2x Bronse, Senior Kvinne Open klasse

Erik Moen:
Bronse, Senior +105 kg,Venstre hand
5. plass, Senior +105 kg, Høgre hand

Kim Andre Blikås:
Bronse, Senior -95 kg, Høgre hand
6. plass, Senior -95 kg,Venstre hand

Geir Inge Olsen:
Bronse, Junior +80 kg, Høgre hand
9. plass, Junior +80 kg, Venstre hand

Raymond Lillemo:
4. plass, Senior +105 kg,Venstre hand
7. plass, Senior +105 kg, Høgre hand

Victor Bergman:
5. plass, Junior -80 kg, Høgre hand
7. plass, Junior -80 kg, Venstre hand

Runar Berg:
2x 6. plass, Junior -80 kg

Tom Erik Berg:
6. plass, Senior +105 kg, Høgre hand
7. plass, Senior +105 kg, Venstre hand

Kristian Styve Kråkenes:
6. plass, Junior +80 kg, Venstre hand
9. plass, Junior +80 kg, Høgre hand

Sigurd Vågane:
2x 8. plass, Junior +80 kg

Markus Hermansen:
9. plass, Senior -95 kg,Venstre hand
11. plass, Senior -95 kg, Høgre hand

Stephen Sæther:
12. plass, Senior -75 kg, Høgre hand
16. plass, Senior -75 kg, Venstre hand

 

Lagbilete NM 2016