Norges Cup 1: Viking Arms

Stad: Fefor, Vinstra
Dato: 2. februar 2019
Arrangør: Gausdal Handbakklubb saman med Norges Bryteforbund

Klubben stilte med 4 utøvarar. Klubben tok 2 gull, 3 sølv og 3 bronse,

Individuelt resultat er lenger nede på sida.

Norges Cup 2019

Norges Cup er ei storsatsing innan sporten frå 2019. Tidlegare var det også arrangert Norges Cup stemner frå 1989 til 1999, men vart fasa ut grunna få arrangørklubbar. Cupen for året 2019 består av 8 stemner rundt om i landet.
Målet med Norgescupen er å få opp aktiviteten blant klubbar ved å få konkurransen ut til folket rundt om i landet.

Det blir gjeve poeng til dei 7 beste utøvarane i kvar klasse og desse poenga er viktige. Det er vandrepokal og pengepremie til den som har mest poeng etter 8 stemner. Poenga som kvar utøvar tek vil også hjelpe eigen klubb, og den klubben med mest oppsamla poeng (frå utøvarane sine) vil vinne ei helg med valfri profftrenar.

Jølster Handbakklubb arrangerar eit av årets stemne.

For året 2019 er følgjande 8 stemner del av Norges Cup:

NC#1 Viking Arms (Fefor)
NC#2 Hardanger Open (Odda)
NC#3 Over The Top (Førde)
NC#4 Norgesmeisterskap (Stavanger)
NC#5 Arms of Rock (Kristiansund)
NC#6 Powerarms (Skien)
NC#7 Arms in Hell (Hell)
NC#8 Bergen Armfight (Bergen)

Resultat:

Torbjørn Vollan
Master -78 kg, v. hand: Gull
Master -78 kg, h. hand: Sølv

Jan-Erik Sunde
Master -78 kg, h. hand: Gull
Senior -70 kg, v. hand: Bronse

Ottar Berg    
Master -95 kg, h. hand: Sølv
Master -95 kg, v. hand: Sølv

Tom Erik Berg
Senior +110 kg, h. hand: Bronse
Senior +110 kg, v. hand: Bronse