NM 2012

Norgesmesterskapet 2012. Oppsummering, plasseringar, media m.m.

Norgesmesterskapet 2012

 

Dato: 23. juni 2012
Stad: Førdehuset.
Arrangør: Jølster Handbakklubb og Norges Brytarforbund.
Deltakarar: 64 stk. (Dei fleste braut i både høgre og venstre arm)
Klubbar: 8 stk.

 

Jølster Handbakklubb vart nest beste klubb i år, som i fjor, bak Os HK.

Det var eit vellukka og godt gjennomført arrangement i Førdehuset. Nytt av året var bl.a. kampoppsettet vart vist på projektor. Det vart forsøkt streaming av stemnet, men med lite hell grunna dårleg nettilgang. Vi leigde den store kinosalen som fungerte godt både for publikum og utøvarane. Vi lagde også eit innhaldsrikt informasjonsskriv for publikum som vi fekk gode tilbakemeldingar på. Konkurransen vart helden på 2 bord og dette fungerte godt. NM vart avvikla tidsmessig etter planen, med start kl 11:00 og avslutta stemnet kl 18:00.

Bryteforbundet hadde desverre kun 2 tilgjengelege dommarar med dommarkurs under NM. Difor måtte 5 utøvarar stille opp som ekstradommarar, dette vart avtalt i førekant av stemnet.

Medie viste stor interesse for NM 2012 med både NRK Sogn & Fjordane radio, tv og nettsideoppslag, samt Firda Tidend og Firda hadde oppslag i avis og på nettside.

Firda Tidend lokalavis:
Onsdag 20. juni (oppslag i førekant av stemnet)
Mandag 25. juni (oppslag m/resultat av stemnet)

Firda lokalavis:
Fredag 22. juni (oppslag i førekant av stemnet)
Mandag 25. juni (oppslag m/resultat av stemnet)

 

Her kjem resultat frå klubben:

Ottar Berg: 1. og 2. plass (master open klasse)

Tom Erik Berg: 2. x 2. plass (junior +80kg)

Jan Erik Sunde: 2. og 3. plass (master open klasse). 5. og 8. plass (senior -75 kg)

Stian Fenne: 2. og 3. plass (junior -80 kg)

Erik Moen: 3. og 5. plass (junior +80 kg)

Bjørnar Sandal: 4. og 5. plass (junior -80 kg)

Steffen Lillemo: 4. og 5. plass (Junior +80kg)

Ronny Hansen: 5. og 4. plass (junior -80 kg)

Arthur Haltvik: 4. plass (master open klasse) og 10. plass (senior -75 kg)

Raymond Lillemo: 2 x 6. plass (senior +105 kg)

Markus Hermansen: 2 x 6. plass (junior -80 kg)

Christer Bale Foss: 6. og 7. plass (junior +80kg)

Anders Taklo: 7. plass og 6. plass (junior +80kg)

Jørn Kjelsnes Frivik: 9. plass (senior -85 kg)

Øystein Flugekvam: 2 x 10. plass (senior -85 kg)